Populære innlegg fra denne bloggen
Jona, profeten
Mellom småprofetene finner me også Jona. Han er velkjent som profeten som prøvde å flykte frå den oppgaven Gud hadde kalla han til, nemlig å dra til storbyen Ninive. Han visste jo at å flykte frå Herren, er umulig. I ein storm på Middelhavet, vart han kasta på sjøen, og havna i magen på ein stor fisk. Det heile høyrest utrulig ut, men går me til kjeldene for fortellingen, og ser korleis Jesus bruker fortellingen, forstår me at den er historisk. Dette var det Kari-Anne preika om på Bedehuset tirsdag 26.09.23. Jona kom til storbyen, folket forsto at skaperguden, Herren sjøl, var harm og angra sine synder. Jona mislikte at Gud tilgav synda og holdt dommen over byen tilbake. Men taleren aktualiserte historien slik at tilhøyrarane vart truffet: Er du villig eller uvillig til å gå med budskapet frå Gud til ei framand gruppe mennesker? Har du tatt inn over deg Guds sterke frelsarvilje, også til dei som slett ikkje ser ut til å fortene den? Me følte sterkt at det var oss Herren talte til ...
Alpha-kurs, pensjonistklubb mm
Eg har begynt på noe nytt. Metodistkirke starta med Alphakurs på Englekafeen, annenhver onsdag, og eg melde meg på. Mi gruppa var på 6-8 personer, eg hadde nok ikkje behovfor kurset, men for å kunne prate med noen ukjente kristne om vårt kristentru og -liv. Bra opplegg. Så begynte eg på møter som byens religions- og politisk-nøytrale pensjonistklubb styrte med, omkring 30 personer, slike eg sjelden eller aldri finner att på bedehuset eller i kirka. Eg fekk no prate med noen, «å,er det slik du ser ut» sa ein kar då eg presenterte meg, han kjente igjen navnet frå stykker i lokalavisen. Ei solid bedehusdame var der også og sang og spilte gitar. «Greit du var med, dersom me ikkje går til dei kan me heller ikkje vente at dei kjem til oss!», sa ho. Det ringte på døra for ei veke didan. Utanfor stod ei bedehusdame med ein liten pakke, to små og deilige wienerbrød, som laga til kaffematen vår. Eg vart ståande som eit spørsmålsteikn. «Dere skal ha desse, eg er så glad fordi dere allt...

Kommentarer
Legg inn en kommentar