Jona, profeten
Mellom småprofetene finner me også Jona. Han er velkjent som profeten som prøvde å flykte frå den oppgaven Gud hadde kalla han til, nemlig å dra til storbyen Ninive. Han visste jo at å flykte frå Herren, er umulig. I ein storm på Middelhavet, vart han kasta på sjøen, og havna i magen på ein stor fisk. Det heile høyrest utrulig ut, men går me til kjeldene for fortellingen, og ser korleis Jesus bruker fortellingen, forstår me at den er historisk. Dette var det Kari-Anne preika om på Bedehuset tirsdag 26.09.23. Jona kom til storbyen, folket forsto at skaperguden, Herren sjøl, var harm og angra sine synder. Jona mislikte at Gud tilgav synda og holdt dommen over byen tilbake. Men taleren aktualiserte historien slik at tilhøyrarane vart truffet: Er du villig eller uvillig til å gå med budskapet frå Gud til ei framand gruppe mennesker? Har du tatt inn over deg Guds sterke frelsarvilje, også til dei som slett ikkje ser ut til å fortene den? Me følte sterkt at det var oss Herren talte til den kvelden …
Kommentarer
Legg inn en kommentar